English    Norsk
PRODUKT

FERSKARE VERT DET IKKJE

Sjøtroll produserer og leverer produkt av laks og aure til dei mest kravstore kundane over heile verda. Produkta held svært høg kvalitet og vert leverte både i fersk og frosen tilstand. Frå våre  pakkeri og foredlingsanlegg kan vi levere ei rekkje ulike kvalitetsprodukt som til dømes sløyd, heil fisk, dagferske filetar med kundetilpassa trimming, porsjonar og kotelettar.

Fersk laks og aure
Sjøtroll sin laks og aure vert slakta, filetert og pakka same dag som den vert teken opp frå havet. Den vert så straks sendt direkte vidare til våre kundar over heile verda. Produkta er perfekte til sushi og sashimi, både på restaurant og heime. Dei eignar seg og svært godt til både røyking, koking, steiking og grilling. Våre produkt vert pakka i ei rekkje ulike innpakningar.

Filetar
Ein stor del av fisken vår vert filetert på eigne anlegg. Filetane vert trimma etter spesielle industrielle standardar, frå A til E, men vi kan og tilby andre spesifikasjonar, alt etter kunden sine ynskje. Vår automatiske slakteprosess gjer at vi kan tilby ”super fresh” laks, kjent som dagferske filetar.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline