English    Norsk
SUNN SJØMAT

EIT RIKT UTVAL

Det er ikkje mykje som smakar like godt som fersk og godt tillaga sjømat. Det finst eit hav av ulike råvarer, og alle har den store fordelen at dei er fulle av alle dei rette næringsstoffa vi menneske treng.

Folk flest et for lite fisk og annan sjømat, og nokon har den haldninga at fisk ikkje smakar godt. Utvalet av sjømat er så stort at det er umogleg å ikkje finne ein fiskesort ein likar. I tillegg kan fisken tilreiast på ei rekkje ulike måtar, noko som igjen gjev heilt forskjellege smaksopplevingar.

Fisk og sjømat er ikkje berre godt, det er også noko av det sunnaste ein kan ete. Feit fisk som laks, aure, makrell og sild er rike på alle dei rette næringsstoffa vi treng, og som vi berre får frå fisk. Legar over heile verda tilrår difor fisk to gonger i veka, ikkje for smaken si skuld, men ganske enkelt fordi kroppane våre har godt av det. Gje difor fisken ein ny sjanse.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline