English    Norsk
OM SJØTROLL

PÅ LAG MED NATUREN

Ein viktig føresetnad for å drive med fiskeoppdrett er at det skjer så nær naturen som mogleg. På det viset sikrar vi sunne, gode og velsmakande laks- og aureprodukt som konkurrerer med dei beste i verda.

Sjøtroll er eitt av dei største selskapa i landet innan oppdrett og foredling av laks og aure. Konsernet har gjennom ei rekkje ulike selskap hand om heile verdikjeden frå produksjon av stamfisk og rogn og heilt fram til fisken vert slakta og bearbeida. Det gjev oss ein unik kontroll over kvaliteten på våre produkt.

Vårt hovudkontor ligg i Bekkjarvik i Austevoll, og vi har produksjon i ti kommunar i Hordaland.

Våre selskap er:
• Sjøtroll Havbruk AS, settefisk- og matfiskproduksjon
• Brandasund Fiskeforedling AS, pakkeri og foredlingsanlegg
• Rex Star Seafood AS, foredlingsanlegg


All aktivitet er samla i Hordaland og konsernet består av:
• 25 matfiskkonsesjonar, herav 1 for stamfisk
• 4 settefiskkonsesjonar  
• 2 foredlingsanlegg

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline